tysdag 24. april 2012

Kaffislabberas

Kaféturar er ei sjeldan greie når ein er vokalgruppe. Me har forlengst innsett at øving bør føregå i lukka rom, det er det beste for alle (særleg for dei andre:))Men då er det ekstra stas dei gongene me faktisk berre skal ha møte og diskutera saker og ting.


onsdag 11. januar 2012

Nytt år, ny blogg!

Her kjem det aller fyrste innlegget på bloggen vår! Hipp hurra!
For ei stund sidan sat me på ei øving og mimra om det me har vore med på dei siste åra. Utanlandsturar, syngjing for både konge og kvarmansen. Det var jammen ikkje lett å hugsa alt! 
Det er dette me skal prøva å endra på. Frå no av lagar me ei digital dagbok, slik at ingenting går i gløymeboka. Velkommen inn i Taus-universet vårt:)